torsdag 21. februar 2013

Hundre dagar #3

Gjekk ein tur med stavar i dag, ca 45 min, opp- og nedoverbakkar.

Ein halv time dagleg bør liksom ikkje vere noko stort problem å få til, men eg må innrømme at dag #4 ikkje vart noko særleg stas...

Men eg vil prøve så godt eg kan, ein halvtime er liksom bedre enn ingenting. Så det skal vere mitt motto no; alle bekker små...

-Tek Tak-

tirsdag 19. februar 2013

Hundre dagar #2

Fridag og vinterferie! Tok med meg to av ungane ut på ski! Me gjekk både på langrenn og slalom. Eg er veldig, veldig, veldig nybyrjar på slalom. Men me hadde det kjempe moro! Og god trening vart det òg.

Og etter skituren, for me på bading, ikkje den aller største treninga, men det var aktivitet! Og mykje bedre enn å ligge som eit slakt på sofaen.

Godt fornøygd med dagen!

-Tek Tak-

Hundre dagar...

Det har ikkje heilt gått etter planen, desse to hovudprosjekta mine. Huset er bomba og eg et usunt og trimmar lite.

Rense kuren er over, eg veit ikkje om eg merkar noko meir eller mindre av den. Føler meg kanskje litt bedre? Kanskje litt meir problemfri bommelomm? Eg tykkjer det var greit, sjølv om den ekle smaken i munnen ikkje er vekke endå. Eg kjem nok til å ta slike kurar fleire gonger. Eg såg ingenting merkeleg i doen, forresten, hadde høyrt om perlekjeder og det som verre var. Men eg må innrømme at eg aldri studerte så inngåande heller :P

Overskrifta skriv seg frå instagram. Eg følger ei som kallar seg hundredays, for å få litt inspirasjon ;) Det handlar, slik eg har skjønt det, om å halde seg i aktivitet 30 min pr dag i 100 dagar. Ja, ja, prøver det no då ;)

I dag har eg luffe gått på ski saman med minsten, som driv og skal lære å gå på ski. Hadde smurt heilt feil og hadde MONSTER klabbar under skia, men det var greit nok det òg, hadde vore verre med glipping. Me fekk ein fin oppleving, trur eg, eg oppmuntra og tulla med han, slik at ski skulle kjennast gøy. (Vart ein smule lei på slutten, etter at skia var av komne, men då var me laaaangt over sovetid, så det var ok)

Deretter var me på aking, i masse nysnø er ikkje det berre enkelt, blir litt jobbing for å ha det moro! Og som om ikkje det var nok, klarte mellomsten å lokke meg med på ein trimtur med innlagt aking etterpå. Me hadde det så fint eg og mellomsten, fullt fokus frå mor er ikkje ofte du får når du er mellomst og stor gut.

Så eg bestemte at i dag er første dag i resten av mitt liv, og starta på mitt eige hundre dagars prosjekt!

-Tek Tak-

mandag 21. januar 2013

Ut på tur, aldri sur

Eg fekk meg ein fin tur på føremiddagen, sveitta opp, gjekk ca 1 time bortimot rett oppover, og sklei på rompa ned att, på den harde snøen fekk eg rista meg noko skikkeleg, viss noko inni meg var laust frå før, så har det fallt av no!!

No ventar ein halvtimes tid i saunaen. Infraraud sauna er sjelebot! <3

-Tek Tak-

Plan!

Eg får ikkje heilt til dette med å få rutine på trimminga. Eg et mykje mindre sukkerhaldige ting, og snop, inkl chips. Men eg er ikkje komme i gang med treninga.

Det er kaldt her no, og eg svir liksom nedover i lungene følest det som (ja, eg veit, det er berre ein unnskyldning) Dessutan har dagane gått med til sjuke ungar og hosting på meg sjølv. Og kveldsmøter... Og alt er berre unnskyldningar...

I går var det søndag, og eg og familien gjekk tur med akebrett. Oppover i sola, på min favoritt trimmeplass. (Me juksa med at me køyrde i går) Og då fekk eg litt blod på tann og sit her og ventar på at sola skal stå opp, då skal eg gå meg ein lang, god, flott tur i sola, og virkeleg få fyllt opp lageret!

Men overskrifta er plan;

  1. Denne veka skal vere heilt "sukkerfri" og chipsfri. Det er lov med frukt og nøtter.
  2. Eg skal gå tur dei dagane eg har fri, tidleg på dagen. Eg har alltid pleidd å gå etter at ungane har lagt seg, men det funker dårleg no.
Startar med desse to. Og tek på meg tjukk ullbukse under turbuksa mi, knyter på meg sko, pakker eit lite akebrett og går ut!

-Tek Tak-



mandag 14. januar 2013

Ny veke, nye muligheiter!

Forrige veke vart laber med tanke på trening, men bra med tanke på kosthald. (Eller eg slit litt i helgane, og sklir litt, men eg nøyer meg med noko lite ;) ) Rockeringen har eg brukt nokre gonger denne veka, men thats it! Eg har vore småsjuk, ikkje slik Heime-frå-jobb-sjuk, men slik åååå-må-ligge-på-sofaen-på-ettermiddagen-sjuk. Slapp og smådårleg. Derfor kutta eg ut dei grøne pulvera mine og tek det heller oppatt etter rensekuren er ferdig. Tenkte det kanskje vart for mykje av det gode...

Rensekuren går greit, eg hugsar å ta både det pulveret og dei tablettane eg skal. Har vorte litt stopp i magen no, men håper det løyser seg att ;) Merkar at eg tykkjer det er veldig rart å fortelle om dette, men det er greit å skrive om erfaringane sine. Eg hadde tykkt det var veldig OK å høyre om korleis andre hadde det. (Så dette er for mine medrensarar....)

På min ferd mot målet (-20, eller 19 ;) ) er eg no på -16-17 i differanse. Denne gongen skal eg klare å komme meg dit eg skal, og verte verande der. Det er derfor viktig for meg å ikkje SLANKE meg som i å gå svolten. Eg skal legge om livsstilen, slik at det vert varige endringar. Det viktigaste taket er å korte ned på helga! Helga hjå meg har ein tendens til å bli litt vel lang. Dessutan skal eg kutte drastisk ned på inntaket i helgane. Eg skal KOSE meg med chips og snop, ikkje trykke innpå.

Det er styggkaldt her no, slik at det svir i lungene når eg går ut, nesten. Så eg vurderer å sprette pilatesdvd'en min (ein av dei... Eg samlar visst på treningsdvd'ar)

Ha ei flott veke alle sammen! Dagen min starta med juice av eit eple, ei pære, ein kiwi, ei halv selleristang, nesten ein halv agurk, eit par nevar spinatblader og eit hjartesalathovud. Nam nam!!

-Tek Tak-

onsdag 9. januar 2013

Kaffi....

No i januar har ikkje lysta på kaffi vore den heilt store, men eg passar på å få i meg ein kopp om morgonen, uansett. Utan kaffi vert eg dårleg... :P

Og i dag, så drakk eg kaffien før eg gjekk på jobb, men dagen var hektisk, så det vart med den eine koppen. Eg har vore så rar i dag, alt har gått i krøll, eg har vore sirup, og sjuk; vondt i nakken og musklane i ryggen, tung i hovudet.

Og eg trur det var pga koffein-mangelen... Evt den mykje omtala rensekuren ;)

-Tek Tak-

Eit lite Yeay!!

Vog meg i dag, og har gått kraftig ned berre på denne første veka ;) Tre kg! Men det er eit lite juksetal, egentleg. For startvekta var på kvelden 31. desember/1. januar etter pinnekjøtt og alt som høyrer til ei nyttårsfeiring ;) (Og vekta mi kan svinge 1-2 kg frå morgon til kveld) Men eg er iallefall på rett veg, og eg har ikkje plan om å gå ned 3 kg i veka, berre så det er sagt. Men menyen min er no masse grønsaker og frukt, grovt brød, ganske vanleg middag, minimalt med søtt. Så eg et masse mat, og er aldri, aldri, aldri svolten. Sveltekurar er ikkje noko for meg!

Men ein annan ting som sikkert har innverknad på vekta, er jo den omtala rensekuren... :P For å vere dønn ærleg; det er ein del meir tømming enn vanleg. Og for å fortsette med ærlegheita; ånden min er så ekkel at eg har slutta å snakke til meg sjølv, og passar på at eg held meg på god avstand frå andre når eg snakkar med dei. Håpar virkeleg det går over! Veit ikkje om eg klarar 5 veker med denne stanken. Tyggisen er alltid på plass, sjølv om eg egentleg ikkje har lov til å bruke tyggis på jobb.... (Eg berre må!!)

Ang. tyggis, så var eg egentleg slutta med det. Har jo lært at det er særs usunnt, faktisk er det noko av det giftigaste ein får kjøpt las eg for ei stund sidan. Men no er den tilbake, forhåpentlegvis for ein kort periode.

tirsdag 8. januar 2013

Tøff dag!

I dag sliter eg! Eg har lyst på noko søtt absolutt heile tida! Denne detox-greia gir meg konstant ekkel smak i munnen, eg har så dårleg ånde at eg kjenner det sjølv!

Kaker på pauserommet i dag, sjølvsagt, to faktisk, sjokoladekaker, eg elskar sjokolade! Men klarde heldigvis å stå i mot. Faktisk var det fullt av anna sjokolade der òg. Jammen godt me berre har 20 minuttar pause!

Har prøvd å fylle på med frukt og grønsaker for å døyve den ekle smaken, men eg gav tapt og tok meg eit honningkamfer-drops. Det hjalp ikkje i det heile teke, **note to self**

Nokon som veit om det er rensekuren eller alt det grønne pulveret som gir så ekkel smak?

Eg trur det vert ein Herbalife-sjokolade etter legging i dag. Det smakar sjokolade, men er ikkje det likevel ;) På sukkeravvenning bør eg avstå frå alt, absolutt alt, men eg har vore gjennom den tøffe detoxen tidlegare, så .... (godt mogeleg dette er berre å lure seg sjølv, men sukkerkuttet ER ikkje så tøft når du har gjort det ein gong før, der ER den første som er bøygen)

-Tek Tak-

mandag 7. januar 2013

Første helga...

Juhuu!! Eg HAR klart heile helga utan sjokolade eller anna godteri. Det gjekk med ein neve paprika chips fredag og laurdag, men det er òg uansett mykje mindre enn vanleg. *klapper meg sjølv på skuldra*

Det går bra med rensekuren min òg, føler meg litt tippa over no, sidan eg drikk div grønt pulver; spirulina, alfalfa, hvetegress, hamp, kvar morgo, og når eg har tid, lagar meg grøn juice og drikk denne grønne gugga som rensekuren består av.



Eg har ikkje starta med skikkeleg og systematisk veging endå, men håpar og reknar med at vekta er på veg nedover.

Trimming; vart to turar med stavar denne første veka, som planlagt. Eg burde virkeleg få meg ein trimkompis som kan trekke meg på lenger turar. I går var turen på ca 40 min, men eg avslutta med 35 min i saunaen, og fekk svetta skikkeleg ut der. Tenkjer sauna er lurt no når eg driv og avgiftar meg.

Rockeringen har fått pause dei to siste dagane, for eg er nok litt øm i sideflesket ;)

Ha ei flott, sunn, slank og sprek veke alle saman! <3

-Tek Tak-

fredag 4. januar 2013

Detox og avgiftning

Detox vil eg bruke som ein kickstart på min slankekur eller livsstilsendring. Det er nemleg det dette er, ei livsstilsendring. Eg har vore nok jojo-slankar til å skjønne at slankekur ikkje er noko for meg.

Det var eit "ord" på Facebook; "Eg trener ikkje for å sjå yngre ut, men for å verte eldre." Eg er litt der. Dette er ikkje ein slankekur for å sjå flott ut, men for å få ein sunn kropp som skal vare lenge, forhåpentlegvis er eg ikkje halvvegs i livet endå.

Ei bok eg las, om slanking, meinte at å starte med ein tre dagars faste, var lurt. Eg har med visse og ujamne mellomrom teke diverse detoxkurar, både med pillar frå helsekosten, sjukehusdietten og då denne eindagers fasten, som egentleg skulle vare i tre dagar.

OK, der gjekk eg på ein lesesmell (begynte å søke, og så dukka det opp ting då, veit du...), og begynner med ein rensekur. To be continued når eg får det i posten... 

Så då vert det korkje faste eller sykehusdiett no med det aller første. No vert det denne rensekuren, med pulver og tablettar, og ein do i nærleiken, som eg ikkje skal studere innhaldet i... (Har lest om mykje rart som kan dukke opp i løpet av ein slik kur)

Skreiv i dagens innlegg at eg hadde skrive om rensekuren i eit tidlegare innlegg, men det var visst ikkje publisert endå ;)

Dag ein er iallefall godt i gong, eg føler meg litt uggen, må få sagt det, men gledar meg til å verte rein og fin innvendig ;) 

-Tek Tak-

Korleis gjer du det i sosial samanhengar?

3. januar kom første utfordringa, korleis gjere det i sosiale samanhengar? Eg og ein gjeng venninner hadde ei lita samling, brus til maten, snop og chips på bordet, og kake til kaffien. Det er standar for samkomene våre.


Korleis skulle eg gjere dette, eg som er på sukkerdetox? Eg har vore sær i matvegen ved tidlegare høve, for eg har prøvd mykje oppgjennom åra ;) Så denne gongen gjorde eg det enkelt og umerkeleg; tok meg eit glas med vanleg Pepsi, eg drikk nemleg IKKJE sukkerfri brus, og fylte deretter glaset mitt med vatn frå springen på kjøkkenet, og tok til meg eit lite kakestykkje som eg åt med andakt. Snop og chips lot eg vere, for det er ikkje slikt "press" på å ete. Denne ørvesle, men egentleg naudsynte, utskeiinga, har ikkje hatt nokon innverknad på sukkersug osv. Eg har nemleg ikkje merka noko særleg til det denne gongen heller, det var helst den fyrste gongen det var skikkeleg hardt.

Rart at det skal vere slik i samfunnet vårt, at det er press på å ete matvarer som er usunne for oss? Eg har takka nei til kaker og dessertar hjå foreldra mine desse dagane, men det vert liksom noko anna. Dersom eg hadde takka nei i går, hadde det vorte ein diskusjon på det, og alle hadde ledd av meg (ikkje at det gjer noko om folk ler av meg, men det er ikkje alt som er verdt det...) og dei hadde sett på meg som sær, og kanskje til og med frekk, som lot vere å ta til meg kake. 

Det vesle kakestykkjet eg åt, åt eg med godt samvit, eg legg ikkje om kosten for å verte ein særing, som aldri kan kose seg, eg legg om kosten for å ete sunt og godt i kvardagen, fordi eg skal verte SUNN, SLANK OG SPREK.

I dag har eg starta med den tarmrensen som eg snakka om i eit tidlegare innlegg... spennande å "sjå" korleis det går.


Til alle dei som ikkje er slike klisjear som meg, og starta på ny giv (igjen) ved nyttår. Du kan like godt starte i dag, veit du, du treng ikkje nyttår, eller måndag, eller som eg gjorde med første sukkerdetoxen; starta 1. august.

Det er ikkje sant at du berre lever ein gong, du lever kvar einaste dag, men du dør berre ein gong ;)

-Tek Tak-


onsdag 2. januar 2013

Eg er sterk!!

Kursdag i dag...og KAKER og SKILLINGSBOLLAR! Og JULEKAKER til kaffien hjå Mamma og Pappa... Klarde eg å stå i mot? Jadda!! **stolt**

Det var ikkje noko problem å late vere å ta skillingsbolle i dag, sjølv om eg elskar gjærbakst. Eg anbefalar alle å ta ein skikkeleg hard core sukker-avvenning. Eg tok, som sagt, tre veker, for over fem år sidan, og etter det har eg ikkje hatt problem å kutte sukker i kvardagen, uansett om eg har sklidd ut aldri så mykje.

Elles vart det Herbalife-shake til frukost, påsmurte baguettar til lunsj og torsk, gulrøtter, poteter og saus til middag. No har eg hatt saus til middag både i dag og i går, det kan jo skurre litt med "eit nytt og bedre liv" for mange, men eg har som mål å ete vanleg mat. Det er ikkje maten eg et til middag som er mitt store problem... Det er snop, godteri, chips, ferdigmat... Så eg et saus med godt samvit!

Trim i dag vert iallefall rockering, har det som mål. Eg skal tilføye dei tibetanske ritane, mogeleg eg skal starte i dag?? Nokon som har prøvd dei meir enn nokre veker (slik eg har gjort tidlegare)?

-Tek Tak-

tirsdag 1. januar 2013

Eit lite referat frå dagen i dag.

Sukkerfri dag nr 1: har gått kjempe bra! Eg åt rettnok tyttebærsyltetøy til middagen, men vel å sjå mellom fingrane på det. Det er ikkje tyttebærsyltetøyet som er mitt store sukkerproblem.

Menyen i dag har bestått av;

  • Frukost; ferskpressa grøn juice av eple, agurk, spinat og brokkoli. Deretter vatn med div. pulver, spirulina osv. Shake av soyamjølk, pittelitt eplejuice, frosne jordbær, litt banan, Herbalife F1 og F3 pulver. Samt multivitamin, fiber og omega.
  • Mellommåltid; to gulrøtter
  • Middag; reinsdyrskarbonader, rotgrønsaker, brunsaus, poteter og tyttebærsyltetøy
  • Mellommåltid; ein neve mandlar og ei banan
  • Kvelds: shake med soyamjølk, Herbalife F1 og F3
  • Etter trening; 3 stk skorpor med smør og kvitost.
Hmmm, når ein noterer ned, vert det jo ein del ;)

Trim i dag;
  • Akebakken!! Kjempe trening for magemusklane.
  • Rockering; litt sår i sideflesket no, men prøver meg litt kvar dag.
  • ca 45 min tur i så kjapt tempo som eg greier, med gåstavar, og motbakkar.
Gåturen var kjempe fin, gjekk åleine, og fekk tenkt meg skikkeleg om, kom opp med ganske gode løysingar på problem eg har i "jobblivet" mitt. Håpar problemet løyser seg no som eg kom opp med ei løysing. Det er kjempe fint å rydde litt i hovudet når ein går så kjapt ein kan.

Skal ikkje oppdatere med meny og aktivitetsnivå kvar dag, men tenkte det kunne passe i dag ;)

Gi meg gjerne oppmuntrande ord på vegen, det kan eg trenge!

-Tek Tak-

Første januar


Første januar 2013



1. jaunuar 2012 var eg 10 kg lettare enn eg er i dag, BMI’en min var 25,8. I dag er BMI’en 29…! Viss eg går ned 20 kg, er eg på 22,5. Noko meir enn det vil eg ikkje ned i vekt.

Målet rundt magen er i dag; 100 cm. Eg er relativt høg, så eg ser ikkje heilt føre meg 80 cm som noko mål, men tilnærma 80 hadde vore greitt.

Til å hjelpe meg med magemålet, fekk eg rockering til jul! Den kom som ei stor overrasking, ei gåve frå søster mi som har brukt rockering i omtrent eit halvt år, og er veldig nøygd. Eg har, sjølvsagt, brukt rockering no kvar dag sidan julafta. Første veka skal den berre brukast 1-2 minuttar, og eg har aldri klart å rocke før, så eg klarar ikkje noko særleg meir heller. ;) (Årets overdrivelse, eg klarar ca 10 sek i gongen, men eg prøver mange gonger, og det merkast faktisk på magemusklane, eg vert støl, ikkje så veldig altså, men eg kjenner det.)

Eg har òg som mål å trene pilates, eller/og yoga, på fast basis, men eg startar med to trimturar med gåstavar i veka. Som er skriv om i «Eg tek tak Heim»-bloggen min, er det viktig med «babysteps». Så treninga mi no i starten er altså to turar på ca ein time, med mestmogeleg bakkar, og rockering. Når eg har fått rutine på det, går eg over på styrketrening og pilates.

Kosthald er jo òg ein viktig del av det heile. Bod nr 1 er Sukkerkutt! Eg har kutta sukkeret tidlegare, og har eit mykje meir normalisert forhald til sukker i dag enn eg hadde for 10 år sidan. Men eg fungerer mykje betre utan sukker. Eg vert rolegare, kjeftar ikkje på ungane mine, er meir harmonisk. Så eg har jo gode argument for å kutte sukker i det daglege.

Eg er rimeleg flink til å ete frukt og grønsaker, også det i skippertak, så no er det på han igjen, med klart mål om 5 om dagen. Eg skal ete 5 porsjonar av 5 forskjellege grønsaker og frukter, kvar dag! Eg er veldig glad i frukt og grønt, så det skal nok gå fint!

Eg skal òg gjere alvor av å lage Vekesmenyar, heile familien skal ha næringsrike middagsmåltid, og me skal alle ete samme mat. Det vert ikkje slanke mat på meg og anna middag på dei andre.

Så spørs det med dei Babystepsa då.... Eg ser sjølv, med augene igjen, at eg antakeleg går for hardt ut, nok ein gong....

Men måla desse to første vekene er:
  1. Gå ein times tur stavgang 2 gonger i veka og bruke rockeringen.
  2. Ta ein detox, og kutte ut sukker, mens eg fyller på med frukt og grønt.
Takk for at du leser, følg meg gjerne på ferdi mot ei sunn, slank og sprek utgåve. Viss du likar bloggen, så del den gjerne med andre.

-Tek Tak-