mandag 31. desember 2012

Velkommen på ordentleg


Godt nyttår og velkommen til bloggen min.

Kvart år, rundt årsskiftet, har eg to store mål, med mange delmål då ;) Det eine er at eg skal slanke meg og bli sunn og sprek, det andre er at eg skal verte ryddig og halde god orden i heimen. Eg har dei same måla i år òg…

Stoda frå januar 2012 er +10 kg i januar 2013…så eg har ikkje lukkast særleg med det målet. (Eg har heller ikkje lukkast med det andre målet, men det skal eg ta ein annan gong, denne bloggen skal handle om at eg vert slank, sunn og sprek… ;) )

Men i år håpar eg blogginga skal sette litt press på meg, slik at eg «må», fordi eg har noko å bevise. Eg veit eg kan klare det, men er redd at eg, som alltid, skal gå for hardt ut.

Eg skal gå ned 20 kg, ete sunt og trene regelmessig. Eg vert veldig glad og takknemleg om du vil følgje meg på vegen! Eg treng all den oppmuntringa eg kan få ;)

-Tek Tak-

lørdag 29. desember 2012

Sukkerkutt

Eg startar på ny giv med sukkerkutt no i det nye året.

11 ting du bør unngå:

  • søtsaker
  • sjokolade
  • kaker
  • brus, saft, juice, deriblant lettdrikkevarer
  • syltetøy
  • honning
  • sukker i te, kaffi, på havregryn osv.
  • wienerbrød, berlinerboller osv.
  • kjeks, òg grove kjeks, som inneheld over 5 g sukker pr 100 g
  • frukostprodukter med meir enn 13 g sukker pr 100 g, det optimale er maks 8 g
  • tørka frukt, t.d rosiner, samt andre matvarer med kraftig søtsmak.
Naudhjelp når søttrangen melder seg; trening, aktivitet (t.d. rydde huset = to fluger i ein smekk)

Maks 3 timar mellom måltida, tenkj fullkorn, grovt og mettande til kvart måltid, unngå snopfeller.

Hald deg til eit totalforbod, i den innleiande fasen er det lettaste for dei fleste å halde seg til eit totalforbod. Det tek gjerne nokre veker å komme over sukkerbehovet, gjer ein heilhjarta innsats kvar dag, og start på ny, frisk neste dag dersom du sklir ut!





Eg utheva den siste, for der har eg feila før. Når eg sklir ut, så sklir eg skikkeleg ut, og gir blanke. Men no skal eg ha det i bakhovudet at eg kan starte på ny frisk giv neste dag. Javel, så åt eg den sjokoladeplata i går kveld, men i dag er ein ny dag, og den første i resten av mitt liv! 


Eg har fått tips om at kanel er eit hjelpemiddel, sidan det stabiliserar blodsukkeret.

Første gong eg kutta sukker, då kutta eg det totalt i tre veker. Men då hadde eg ete snop kvar dag iallefall dei siste 15-20 åra. No er eg litt meir restrektiv, for dei tre vekene totalstopp hjalp. No kan eg ta tak når eg vil, og t.d. ikkje ete snop i vekedagane, heilt utan problem. Men første gongen med kutt, drøymde eg om at eg åt godteri, og kjende meg skikkeleg skamfull, eg gjekk rundt med ein ekkel, falsk søtsmak i munnen heile den første tida.

MEN; eg vart utruleg mykje meir stabil utan sukker. Eg var roleg, hadde ikkje store humørsvingingar, vart ikkje rasande sint (i det heile teke). 

No har det sklidd ut, som vanleg hjå meg kvar desember, så eg gledar meg til å oppleve kva virkning sukkerkutt har på meg.

Har du prøvd sukkerkutt? Korleis fungerte det for deg? Kva "bivirkingar" opplevde du?

Denne posten kjem egentleg litt før eg har "opna", men eg ville førebu meg litt på det som venta ;) Og tenkte kanskje du ville gjere det òg :)

No tek me tak!!

-Tek Tak-

onsdag 26. desember 2012

Ein liten velkomst på føreskot

Hallo og velkommen innom!

Denne bloggen "opnar" egentleg ikkje før 1. januar 2013, men viss nokon snublar innom, kan eg fortelje kva den skal handle om.

Eg tek tak skal vere min dokumentasjon på mi reise til ein ny, sunn, slank og sprek meg. Eg kjem til å skrive meir om dette, men du skjønnar teikninga. No skal bloggen gi meg eit ekstra dytt i riktig retning.

Takk for at du ser innom, eg håpar du vil følgje meg på ferda!

-Tek Tak-